• Innholdet ble 38 dikt:

  • Livet
  • Livet
  • Treet vårt
  • Ver den du er

  • I motbakken
  • Ser du fjellbjørka
  • Ikkje dytt!
  • Ikkje ta heisen
  • I bratta
  • Sjukdom
  • Klagemuren
  • Pasient og menneske
  • Berre innbildning?
  • Kroniske plager
  • Kvardagshelt

  • Solidaritet
  • Naturkreftene
  • Å vera første
  • Eg ser ikkje forskjellen
  • Hipp og hopp
  • I djupe dalar og på høge fjell

  • Møte med haldningar og uforstand
  • Arbeidsmiljølova
  • Stygge ord
  • Den strøkna gråten
  • Tilrettelagt arbeidsplass
  • Vrakgods og lik i lasta
  • Hjelparar?
  • Det gode lag og arbeidstakaren
  • Korleis går det med deg

  • Omplassering og utprøving i arbeidslivet
  • På omplassering og utprøving
  • Ansvar for andres tap?
  • Når vi i Administrasjonen
  • Kreativ utryggleik
  • Tankar på skrå
  • Skrekkversjon eller?

  • Framtid - nye dagar - nye muligheiter.
  • Vending
  • Vårreingjering
  • Tida og eg er vener.
  • Veggen og Vegen
  • Bøn
  • Prislappen

Diktsamlingen "Akk ja og ja takk!"

Første opplag ble utgitt i 1999. I 2008 ble den gitt ut i nytt opplag.

Diktene, som var resultat av nødvendig skriving i en prosess da det ble stadig vanskeligere å unngå å bli syk på arbeidsplassen, var i utgangspunktet ikke tenkt til å fylle sidene i en bok. Det var vondt å oppleve hvor liten forståelse og vilje til omsyn det var i en kommunal enhet der det var omsorg som var arbeidsoppgaven. Allergener roper ikke, og vises ikke. Min troverdighet ble virkelig satt på prøve.

Dette var før begrepet IA-bedrift. Men kravet til arbeidsgiver om nødvendig å tilrettelegge arbeidsdagen for en arbeidstaker, var i følge Arbeidsmiljøloven sterk, den gang som nå. Dette klarte ikke den kommunale arbeidsgiveren å gjøre, selv om løsningen var mulig. Dette ble det dikt av. Og diktene ble til dikt-samlingen ”Akk ja og ja takk!”

”Med diktsamlinga ”AKK JA og JA TAKK!” setter Gudrun Lid Sæther ord på følelser svært mange som lever med funksjonshemming og kronisk sykdom, opplever. Gjennom diktene viser hun oss at livet ikke alltid farer lett fram mot en. Hun er en god representant for de som vet hvor skoen trykker. Hun har lenge hatt den på.

Vi tror det kan være mye å lære av forfatterens pågangsmot, og håper at diktsamlingen kan hjelpe mange som er i samme situasjon.”

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)

Forord

"Akk ja og ja takk" vart til fordi eg trong setja ord på vanskelege opplevingar og kjensler. Ein kronisk sjukdom, gjer at mangt og mykje i kvardagen endrar seg. Sjølvsagte val er ikkje lenger sjølvsagte. Orda hvis og dersom blir vanlege i diverse planlegging. Men ved å tileigna seg kunnskap og kreativitet, er det utruleg kva som går an. Hvis og dersom blir flytta frå vurderinga om noko går an, til planlegging om korleis det skal gå an. Dette får også følger for val og tilgang til arbeidslivet.

Arbeidsmiljølova har teke det på alvor at svært mange har ei eller anna plage som let seg kombinera med eit aktivt arbeidsliv, dersom arbeids-situasjon blir meir eller mindre tilrettelagt. Lenge har retten til Tilrettelagt arbeidsplass vore på plass i lovverket, med eit "så langt som mulig" i ordlyden. Det forpliktar arbeidsgivar til å strekka seg så langt som mogeleg. Likevel er det ikkje lett å be om slike tiltak. Det innebærer ofte at kollegaer må ta ekstra omsyn, og leiinga må bruka tid på planlegging og kanskje gjennomføra endringar, som også kan ha økonomiske konsekvensar.

Særleg vanskeleg er det når systemet har motstand og negative haldningar mot til rette-legginga. Då kan sjølve saksgangen bli den store utfordringa som knekker resten av helsa.

Nå i 2008, når opplag nr 2 blir gitt ut, er ordet IA-bedrift og Inkluderande arbeidsliv for lengst gått inn i offentlege planar. Frå slutten av 90-talet er det skjedd store endringar i regelverk og forskrifter. Eg ser både gledelege og skremmande trendar. Framleis møter mange arbeidstakarar med helseproblem misforståing, krenkande kommentarar og rein uvilje når dei ynskjer hjelp for å kunne fortsetta i arbeidslivet. Det er mange ”kamelar” som må svelgas. Ved å skriva, forsøkte eg å jobba meg gjennom tankar og kjensler. I dikta kunne eg vera omsynslaus ærleg; sint, sår, anklagande og redd. Skrivinga gav også håp og pågangsmot. Det var eit sorteringsarbeid som gav innsikt i rett og galt, for og imot.

Kanskje nokon gjenkjenner prosessen. Livet er ikkje alltid rett fram og enkelt. Kanskje dikta kan vera terapi også for andre. Kjempefint om dei kan bidra til at leiarar og ansatte i arbeidslivet får innsikt som kan skape større respekt for kvar einskild arbeidstakar, og for Arbeidsmiljølova. Ennå fins vel litt ugjort ryddearbeid her og der? Trass i endring av forskrifter og reglar, trur eg ikke at alt som skjer i arbeidslivet er ei bedring. Når helsa sviktar, skal ein ha lov til å få forlata arbeidslivet utan å kjenna seg som ein pusling eller ein samfunnssvikar. Men å måtta forlata ein kjær arbeidsplass i for tidleg alder, oppleves som eit stort tap med sorg og sakn. Det er dette diktsamlinga omhandlar.

Livet kan også gi andre og større tap. I 1982 mista vi eit barn i krybbedød. Dette tapet vil eg ikkje samanlikna med det diktsamlinga i hovedsak omhandlar. Diktet "Ikkje dytt!" og "Tida og eg er vener" skreiv eg ei tid etter den opplevinga. Fordi eg veit at mange set pris på diktet "Ikkje dytt!" har eg teke det med i diktsamlinga sjølv om det for meg omtalar sterkare kjensler enn resten av dikta. Eg takkar familie, nære venner og fastlege for støtte. Det er viktig at nokon bygger opp, når andre riv ned sjølvrespekt og trua på ein sjølv.

ISBN 978-82-995529-1-2